Designa den visuelle profilen til ungdoms OL på Lillehammer 2016

Fire kreative designarar fekk oppgåva å utvikle den visuelle profilen for Ungdoms-OL i Lillehammer 2016.

12. januar 2016

Har laga OL-design

Når Ungdoms-OL på Lillehammer brakar laus 12.februar, er det med design frå grafisk designer Marianne Ågotnes i Omega Design. Saman med tre andre har ho utarbeida den visuelle profilen som skal fronta ungdomsleikane sine arrangement og klede – og nå også frimerke.‍

Saman med Anja Rullestad frå Skjold, Marte Stensrud frå Lier og Live Andrea Sulheim frå Lom, står Marianne Ågotnes bak profilen som om kort tid vil prega TV-sendingar, klesplagg, materiell, løyper og arrangement rundt Ungdoms-OL 2016 på Lillehammer.

Det var i 2013 at dei fire, den gong som studentar innan grafisk design ved Høgskulen i Gjøvik, kasta seg med i designkonkurransen, der oppgåva var å utarbeida ein grafisk profil og visuell identitet til ungdomsleikane.

- Ungdoms-OL var den gong heilt i oppstarten, og i tråd med deira verdiar og mål ønska dei å engasjera unge designarar til oppgåve. Bransjen elles meinte at jobben var for stor for studentar å ta på seg og oppmoda Ungdoms-OL om å gå til andre med oppdraget. Men me tok sjølvsagt utfordringa og melde oss på til konkurransen, fortel Ågotnes, som i dag er grafisk designar ved Omega Design.

Vann konkurransen med norske fjell

Med bakgrunn i Ungdoms-OL sin visjon «Spreng grenser. Skap morgendagen» utarbeidde dei fire sitt bidrag til konkurransen.

- Me tok utgangspunkt i norske fjell og fjellkjeder. Å bestiga eit fjell handlar om oppturar og nedturar, både fysisk og psykisk. Med dette som grunnlag for den visuelle identiteten knytta me profilen tett til leikane sitt strategiske grunnlag som er å sprenga eigne grenser og overkomma milepælar. Samstundes symboliserer dei sterke fargane energi og samhald. Ungdoms-OL skaper kontakt mellom menneske frå forskjellige land og kulturar. Saman dannar dei mange små delane eit fjell, eit grunnlag for morgondagen, forklarer Ågotnes. Og med det som grunnlag for profilen, drog dei fire design-studentane sigeren i hamn. Juryen bestod av representantar frå Ungdoms-OL, norsk designråd, skulen og ein OL-utøvar.

Under lanseringen av profilen, i januar 2014, fekk Ågotnes fortelja om profilen til 2500 personar i Håkons hall på Lillehammer.

- Me var utruleg glade for å vinne, men visste nok ikkje på det tidspunktet kor mykje denne sigeren faktisk ville ha å seia for oss fire, seier Ågotnes. Etter å ha gått sigrande ut av konkurransen, balla det på seg. Nå var ikkje lengre høgskulen ein del av prosjektet, og dei fire oppretta firmaet Malm Design.

- Me fekk etter kvart fleire oppdrag for LYOGOC (Lillehammer Youth Olympic Games Organising Committee). Blant anna fekk me vere med på å laga heile logo- og designmanualen, som er ganske detaljert for eit olympisk arrangement. IOC har mange retningslinjer, og OL-ringane tullar ein ikkje med, seier Ågotnes.

I tillegg utarbeida Malm Design ein del marknadsmateriell, trykksaker, samt materiell til ulike arrangement, og var med på utviklinga av den første nettsida til arrangementet.

I april 2014 blei Ågotnes spurt om å delta i juryen som skulle velja ut maskott til leikane. Her havna ho i selebert selskap med Magne Vikøren frå LYOGOC (f.v.) Simen Staalnacke frå Moods of Norway), Julie Strømsvåg frå TV2-sporten og Paralympics-utøvar Birgit Skarstein. Marianne Ågotnes i midten. (Foto: Geir Owe Fredheim)

Pyntar posten med frimerkedesign

- Etter kvart vart det ein for stor jobb for oss å gjere alt designarbeidet for leikane, i og med at me flytta til ulike kantar av landet og utlandet, og starta å jobba i andre bedrifter. Andre designarar har vidareført arbeidet vårt, i tråd med profilen me laga, fortel Ågotnes.

Men historien slutta ikkje med det. I 2015 fekk dei fire ein førespurnad frå Posten, om design av frimerke i samband med leikane.

- Også Posten var blitt åtvara om å bruka unge designerar til dette, då frimerke er alvorlege greier. Men Posten valde å gå vidare med vårt forslag. Det blei ferdigstilt i haust, og dei to frimerka me har laga blei lanserte i helga, fortel ho.

Ågotnes er opphaveleg frå Ål i Hallingdal, men bur nå på Utbjoa og har arbeidd ved Omega Design sitt hovudkontor i Ølensvåg sidan april 2015. - Me har sjølvsagt fått billettar til opningsseremonien 12.februar. Dei tre andre skal delta, men eg får diverre ikkje høve til å stilla. Men du kan vera sikker på at eg kjem til å følgja ekstra godt med tv sendinga frå leikane i år, seier Ågotnes.

Malm Design laga to frimerker som blei lansert i helga. Live Andrea Sulheim, i Malm Design, var tilstades under lanseringa.