Folkefest på Ryfylkedagane

Duka for innhaldsrike dagar.

30. mai 2018

Første helga i juni går den tradisjonsrike festivalen av stabelen for 35.gong. Som alltid blir det marknadsdagar, aktiviteteter for barn, folkefest og flotte konsertar med blant andre Valkyrien Allstars, Plumbo, og Pakkers for å nemne nokre.

Me har vore med i kommunikasjonsarbeidet rundt festivalen, med å lage godt innhald til sosiale medier, brosjyre og PR. Brosjyren viser både programmet under Ryfylkedagane, og ikkje minst ein god del praktisk informasjon om parkering og korleis ein finn fram til attraksjonane ein har lyst til å få med seg.

På Ryfylkedagane blir det også arbeidd for å rekruttere endå fleire innbyggjarar til Suldal. Rekrutteringspatrulja vil vise dei som besøkjer standen kva som finst av moglegheiter i Suldal - når det gjeld å jobbe - bu og leve i Suldal. Me fekk lage eit konsept og brosjyre til dette arrangementet, i brosjyra, vil du få informasjon om bustadtomter, ledige arbeidsplasser og barnehageplassar i Suldal - for å nemne noko.

Brosjyren "Kjekt å sjå deg heime!" skal delast ut under Ryfylkedagane.

Ryfylkedagane engasjerer heile kommunen, og mange bedrifter er med på å skipe til folkefesten. Følg dei gjerne på Facebook for å få med deg siste nytt.

Tusen takk for jobbane og lukke til med arrangementet!

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59