Blestar magasin via sosiale medium

I Filter brukar me Facebook til å marknadsføre magasinet vårt Mitt Ryfylke

Det regionale magsinet Mitt Ryfylke når nye lesarar via Facebook, det siste innlegget som vart lagt ut når heile 7000 lesarar i det sosiale mediumet.  Me i Filter ser verdien av å bruke sosiale medium til å fronte gode produkt, bedrifter eller altså eit regionalt magasin som skal vere med på å styrke omdømmet til Ryfylke. Magasinet som blir distribuert i dei seks ryfylkekommunane har per i dag 1721 likarar på Facebook.

På Facebook kan ein bleste magasinet, dele gode bilete og stemningsrapportar frå reportasjeturar eller røkte etter hjå publikum om dei har gode tips til redaksjonen. Sosiale medium kortar ned avstanden mellom oss som produserer magasinet og lesaren.

Asbjørn Birkeland drøymde aldri om å bli ordførar, det var før Senterpartiet gjorde eit brakval i industribyen Sauda. No kan du lese om han i Mitt Ryfylke som Filter produserer. 

Filter har totalansvaret for produksjon av magasinet Mitt Ryfylke - alt frå redaksjonelt ansvar, journalistisk arbeid, desking og dialog med trykkeri. Me har godt samarbeid med dyktige fotografar og frilansarar som styrkar kvaliteten på produktet.

Å bygge godt innhald i eigne kanalar, om det er nettsider, sosiale medium eller trykte magasin/flyers er god marknadsføring. Fleire og fleire flyttar marknadsmidlar frå kjøpte kanalar til eigne kanalar, og når gode resultat. Vår satsing med Mitt Ryfylke på Facebook er eit godt døme på det.

Les heile magasinet her.

Judith Sørhus Litlehamar
|
23
.
2
.
2016

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Follow us on social media

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN