Full pakke for Vigor!

Tungesvik bygg og Byggefirmaet Kjetil Nedreskår slår seg saman til Vigor, og Filter har fått vere med på prosessen.

"Saman skapar me store ting" er slagordet til det nye byggjefirmaet, Vigor, som er ei nysatsing av Tungesvik Bygg og Byggefirma Kjetil Nedreskår. Vigor blir ein totalleverandør innan byggetenester, og satsar på å dekke ein større del av marknaden frå Skånevik til Haugesund.   

Filter har vore med heilt frå starten, og bidratt i identitetsprosessen til det nyoppretta byggjefirmaet. Saman med Kjetil Nedreskår og Torgeir Tungesvik har me fått landa strategi og namn, og utvikla logo og visuell identitet. Desse delane er knytt tett i saman, og det er difor ein fordel å samle heile prosessen. Ved å jobbe grundig med desse områda i oppstarten sikrar ein seg eit godt grunnlag å byggje vidare på, og for framtidig marknadsføring med høg kvalitet. 

I Filter er me takknemlige for at me har fått lov å jobbe med eit så spannande prosjekt, og ønskjer Vigor lykke til vidare!

Faksimile av sak om nye Vigor i lokalavisa Grannar, frå 21. mars.
Maria Djuve Vågen
|
31
.
3
.
2016

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Follow us on social media

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN