Gründerpakke skapar vekst

Prikkar-butikken i Etne med styrka kommunikasjons- og designarbeid etter samarbeid med Filter

Filter design & kommunikasjon har utvikla ein gründerpakke som styrker kommunikasjons- og designarbeidet til nye bedrifter. Ei av bedriftene som har jobba med Filter i etableringsfasen er den unike gåvebutikken Prikkar i Etne. 

– Det er viktig for gründerar at dei får eit godt grunnlag for å kunne marknadsføra seg og kan dra nytte av den kompetansen Filter sit med både innan design og kommunikasjon, seier Astrid Eidhammer Hjelmeland, byråleiar i Filter.  Gåvebutikken Prikkar har fått litt ekstra merksemd, både i media, sosiale medium og blant publikum. Yvonne Sandgren som startar opp butikken vil nemleg ikkje berre etablere gåvebutikk, ho vil også blåse nytt liv i gatene i Etne og meiner sentrumsutviklinga i kommunen er vikig.  – For oss i Filter var det i tillegg til å skapa ein leiken og fargerik kampanje for Prikkar og viktig å få bidra med eit godt kommunikasjonsarbeid i den travle tida både før og ved oppstart. Dette arbeidet resulterte i gode omtalar både lokalt og regionalt for den spennande butikken, seier Astrid.

Om Filter 

Filter design & kommunikasjon brenn for godt design og tydeleg kommunikasjon. Det har me gjort heilt sidan starten i 1997. I 2014 endra bedrifta namn og profil til Filter design & kommunikasjon, dermed vart det tydelegare for både oss sjølve og kundane våre kva tenester og produkt me kunne tilby. Våren 2015 kjøpte Omega AS opp design- og kommunikasjonsbyåret som gjer at Filter i dag har ni tilsette og ein styrka kompetanse innan design, kommunikasjon, web og tekstarbeid.

Maria Djuve Vågen
|
8
.
12
.
2015

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Følg oss på sosiale medier

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN