Julegåva som gir grunnlag for vekst

Saman med moderselskapet Omega, følgjer Filter no tradisjonen med å gi julegåve til dei som verkeleg treng det.

I staden for julegåver til dei tilsette, valde Omega også i år å gi pengar til nokre av dei som treng hjelpa vår mest. Som i fjor, er julegåva frå Omega på 500 000 kroner øyremerka organisasjonen CARE sitt arbeid for jenter og kvinner i Kongo. 

- CARE er ein av verdas største hjelpeorganisasjonar og står blant anna bak organiseringa av en mikrofinansmetode, etablert for å hjelpe fattige kvinner i Kongo å bli økonomisk sjølvstendige. Me har valgt å støtte nettopp dette prosjektet, fordi me kan sjå at det gir menneske i fattige land moglegheita til å bli meir sjølvstendige, og dermed sikre sine born ei god og tryggare framtid. Med Omega som avsendar på denne julegåva, er me alle med på å bidra til at kvinner er betre økonomisk rusta til å forsørgje familien med mat, helsetenester og skulegong for borna, seier Aslaug Østrem Nesheim, leiar for Omegas Servicesenter. 

Ekspansjon for sine åtte born

Kvar veke har lokale spare- og lånegrupper i landsbyane i Kongo møter, der medlemmane utvekslar erfaringar, set pengar av til sparing og får moglegheita til å ta opp lån. Blant dei som har fått heilt nye moglegheiter til eit nytt og økonomisk sjølvstendig liv er åttebornsmora Mwamini Mbumbu.

Ho er 45 år gammal, har fire døtrer og fire søner og er medlem i den lokale spare- og lånegruppa i Munigi. Mannen hennar er sjuk, og ho står dermed åleine med forsørgjaransvaret for familien sin, som også inneber skulepengar for ei av døtrene og to av sønene.

Mbumbu nytta seg av moglegheitene lånegruppa gav kvinner i landsbyen og har motteke lån for å kunne styrka gardsdrifta si. Lånet har gitt ho moglegheita som har ført til en betydelig vekst i virksomheiten: ho har leigd meir jord, auka produksjonen, skapt arbeid for meir enn 20 personar som jobbar for ho på garden. No sel ho også palmeolja og bønner, som gir ho pengar til å tilbakebetale lånet med. 

Større fellesskap og meir kunnskap

CAREs spare- og lånegrupper har fått ei viktig rolle i landsbyane der dei er etablert. Dei fungerer som lokale sparebanker, som er eigd og blir drivne av medlemmane sjølv. Dei fleste medlemmane i spare- og lånegruppene er kvinner. 

- Dette prosjektet er spesielt retta mot kvinner då det er viktig å gi dei moglegheita til å delta meir aktivt i ressursforvaltninga og bidra til utvikling i lokalsamfunn med ein liten grad av likestilling, fortel Helene Hansson, Corporate Manager i Care Noreg. 

Spare- og lånegruppene gir også fleire moglegheita til å læra seg å lese, skrive og rekne. Samstundes får medlemmane læra meir om blant anna jordbruksmetodar, produktutvikling, marknadsføring og kva rettigheiter kvinner har overfor ektemenn, lokale leierar og myndigheiter. 

- Me gir ikkje pengar direkte til gruppene, men gir opplæring og hjelp dei å organisere ein felles sparekasse med forsikringsordningar og moglegheiter til låneopptak. Dette er tiltak som gir varige resultater. Når kvinnene får bedre økonomisk sikkerhet, får dei og meir tid til å skaffe inntekter og diskutere felles problemer. Møtene i spare- og lånegruppene gir medlemmane anledning til å ta opp spørsmål om vansklege tema, som seksuell vald og mødrehelse, fortel Hansson.

Maria Djuve Vågen
|
5
.
1
.
2016

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Follow us on social media

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN