Ny nettside til Kaffistova

historie og tradisjonsmat i godt samspel.

29. november 2017

Midt i Oslogryta finn du kafeen Kaffistova, vegg i vegg med Det Norske Teatret. Her får du servert god mat tufta på norske tradisjonar. Det er kjekt å få jobba fram nye nettsider for ein slik moderne kafe med tradisjonsrikt kjøkken. Ta ein kikk på den nye nettsida!

På kafeen, som og er del av Hotell Bondeheimen, er dei opptekne av å servere vellaga, og sjølvsagt heimelaga norsk tradisjonsrik mat. Dei nye nettsidene presenterer både menyen og historia til plassen på ein luftig og enkel måte. Her er det lett å få overblikk over kva kafeen serverer, og lese om kulturen som sit i veggane.

Me gratulerer med ny nettside - og gler oss til å kome innom på middag! 

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59