Klar for valkamp 2017?

Hjå oss kan de ruste dykk til valkampen 2017!

Me tilbyr eit breidt spekter av kommunikasjonstiltak inn mot ein spanande valkamp:

Brosjyre/faldar - her kan me både lage innhald og utforme brosjyren grafisk. Me har også gode avtalar med trykkeri som sikrar deg som kunde ein god prosess.

Foto - pressebilete/fotobank til bruk i alle kanalar gjennom valkampen. Me har tett dialog med fleire spanande og dyktige fotografar i regionen.

Kommunikasjonsrådgjeving  - korleis ta dei rette vala for å nå dine veljarar? Me tilbyr rådgjeving på timar eller kurs for dei som skal delta i valkampen. 

Mediehåndtering - korleis tar ein best kontroll i media - og korleis håndterer ein ivrige journalistar? Me tilbyr kurs der politikarane får kjenne på mediepulsen. 

Banner/rollup/effektar - til bruk på stand og elles i valkampen

Digialte kampanjar- godt innhald i sosiale medium. Veljarane er digitale - i dag er både Facebook, Instagram og Snapchat ein viktig standplass.

Me har hovudkontor i Ølensvåg, og avdelingskontor på Sand i Suldal. Me kjenner regionen godt og veit kva som må til for å skape ein unik identitet i valkampen. 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om kva ditt parti treng!

Judith Sørhus Litlehamar
|
26
.
1
.
2017

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Follow us on social media

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN