Mitt Ryfylke satsar på nett

Magasinet Mitt Ryfylke blir no tilgjengelig på nett!

Det regionale profilmagasinet Mitt Ryfylke får no ei levande nettside der dei gode reportasjane frå magasinet får plass til å boltre seg. Her vil du finne både reportasjar, kommentarstoff og portrett frå magasinet. Ta ein kikk på den nye sida!

På dei nye nettsidene vil du og lett finne ei god oversikt over dei magasina som er gitt ut til no. Til hausten kjem eit nytt nummer - også det laga som ei skattekiste av gode historier og menneskemøte i Ryfylke. Medan du ventar på det kan du no altså kose deg med tidlegare reportasjar og glimt frå Ryfylke på nett.

Mgasinet blir produsert av oss i Filter design & kommunikasjon, i samarbeid med Ryfylkealliansen. Målet er å spegle det indre liv i dei seks ryfylkekommunane, samstundes som me viser oss fram som ein attraktiv region å både bu og arbede i. Magasinet Mitt Ryfylke er blitt ein viktig del av merkevareprosjektet Ryfylke.

Som annonsør på dei nye nettsidene eller i magasinet vil du nå ei brei gruppe av lesarar, alt frå dei som har etablert lokalt næringsliv, til dei som har hytte i regionen eller som ynskjer å bruke regionen som reisemål for den neste ferien. Og kva med den utflytta studenten som lurer på å flytte heim igjen til Ryfylke, eller familien på fem som har lyst til å flytte berre far finn den rette jobben?

Med godt over 1700 likarar på Facebook har magasinet festa seg som ein god kommunikasjonskanal for regionen.

Mitt Ryfylke vil vere med på å bygge ein sterk Ryfylkeregion - bli med på reisa!

Judith Sørhus Litlehamar
|
10
.
6
.
2016

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Følg oss på sosiale medier

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN