Nettside for Ryfylke IKS

Me har laga nettsida ryfylke.no, som er ein samlingsplattform for Ryfylke IKS, Ryfylkefondet, og Ryfylkealliansen.

26. september 2016

Ryfylke Interkommunale Selskap (Ryfylke IKS) står bak Merkevara Ryfylke og nettstaden .

Dei var nå klare for å samla Ryfylke IKS, Ryfylkealliansen og Ryfylkefondet under ein felles paraply og felles nettside, for å bli meir tilgjengelege og synlege både blant næringsliv, politikarar, innbyggjarar og besøkande.

Me har i tett dialog med Ketil Barkved i Ryfylke IKS, bygt opp ei nettside der det skal vera lett å få tilgang til aktuelle nyhende, kontaktpersonar eller informasjon som er nyttig dersom du er interessert i besøkja regionen.

I tillegg har me forenkla profilmanualen for Merkevara Ryfylke, slik at det skal vera lett for medlemmer å vite korleis dei skal bruke Ryfylke-taggen i profilering via eigne kanalar, og korleis ein ikkje skal gjera det.

Astrid Eidhammer Hjelmeland
Astrid Eidhammer Hjelmeland
astrid@omega365.com (+47) 97 19 47 88