Nettside for Rymat

Skapar engasjement og interesse for lokale råvarer og produsentar frå Ryfylke.

10. januar 2018

Rymat ynskjer å skape engasjement og interesse for lokale råvarer og matprodusentar frå Ryfylke. Nettverket som består av heile 15 lokale bedrifter hadde eit behov for å bli meir synlege på nett, det har dei løyst ved å lansere ei felles nettside, samstundes som dei og er aktive under ein felles paraply i sosiale medium. Nettsida som er laga i samarbeid med oss i Omega Design gir god og oversiktleg informasjon om dei ulike produsentane og formålet til Rymat.

Dagleg leiar i Rymat, Cathrine Vierli Selvaag brenn for at produsentane skal kunne dele erfaringar og kompetanse, samstundes som gjestene i regionen kan oppleve ei eksotisk matreise i Ryfylke - og ikkje minst at det skal bli lett å få tak i lokale matprodukt. Dei nye nettsidene gir eit godt utgangspunkt for at nettverket skal oppleve vekst i sal, og ikkje minst bli betre kjent - både i Ryfylke og utover regionen sine grenser.

Me ynskjer lukke til med prosjektet - og ikkje minst i finalen i Det Norske Måltid der fleire av produsentane er med!

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59