Ny logo for Ølen Tannhelse

Ny og frisk utsjånad for Ølen Tannhelse.

Kvir du deg for å gå til tannlegen kan me anbefala turen innom Ølen Tannhelse. Her er det lett å finne roen og få tankane over på andre ting. I dei nyoppussa lokala til Ølen Tannhelse like ved E134 i Ølen, gir fargane, interiøret og måleria deg gode sanseopplevingar, sett i system av Sara Helene Kvammen Hauge/Indesign.

Me har fått utvikla profilen til Ølen Tannhelse i godt samarbeid med tannlege Kari Lauritzen. Me har hatt ein fin prosess med å finne eit uttrykk som ein assosierer med tannlegeklinikk, samstundes som det ikkje er heilt eksplisitt. I tillegg til ny logo og visuell identitet har me produsert, levert og montert folie innandørs og utandørs. Vindudekor, skjerming for innsyn og folie til venterom, kontor, behandlingsrom m.m. Tepper, skilt og visittkort i tråd med ny profil er og produsert og levert av oss.

Maria Djuve Vågen
|
8
.
3
.
2018
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Følg oss på sosiale medium

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN