Omega blir ny hovudeigar i Filter

Med Omega som ny hovudaksjonær og aktiv eigar, styrkar Filter organisasjonen med utvida tenesteområde og nytt kontor i Ølensvåg.

- Tradisjonelt sett har dei store aktørane innan design og kommunikasjon vore etablerte i byane. Filter skal framleis halda på identiteten sin, og vera tett på både noverande og nye kundar. Profesjonelle design- og kommunikasjonstenester skal vera kortreiste for kundar i regionen Etne, Vindafjord og Ryfylke. Med ny eigar og utvida organisasjon vil Filter bli endå meir tilgjengelege for ein større marknad, seier dagleg leiar i Filter design & kommunikasjon, Astrid Eidhammer Hjelmeland.  Filter har i dag fem tilsette og leverer tenester innan både web- og grafisk design, kommunikasjon, profilering og tekstinnhald til kundar i både Ryfylke og det indre Haugalandet. Som nytt dotterselskap av Omega flyttar kommunikasjonsbyrået avdelinga si i Etne til Ølensvåg, medan kontoret på Sand vil halda fram som før. 

  

UTVIDAR INTERAKTIVE TENESTAR 

Samstundes som Omega er hovedaksjonær blir selskapet også ein av Filter sine større kundar.  - Filter vil driva som før, samstundes som me utvidar kapasiteten vår innan webdesign og interaktive tenester, blant anna for Omega. Saman vil me bli ytterlegare sterkare på design av systemløysningar og web. Me skal byggja eit sterkt design- og kommunikasjonsmiljø, seier Hjelmeland.  Med Omega som eigar vil Filter halda fast på den lokale forankringa, og ser fram til å levera tenester til eit breitt spekter kundar, særskilt innan næringslivet i distriktet.  - Omega er også eit selskap som med både nasjonal og internasjonal ekspansjon likevel har lagt stor vekt på å utvikla tenestene sine lokalt. Filter skal vera ein trygg samarbeidspartnar for kundane, og det nye eigarskapet gir oss meir musklar og sterkare fotfeste i regionen, påpeikar Hjelmeland.  

  

- EIT LØFT FOR OMEGA  

Med Filter på laget vil Omega heva kompetansen sin på design, som vil vera ein betydeleg styrke for alle Omega sine dotterselskap og kundar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, meiner kommunikasjonssjef i Omega, Lauren McPherson Simonsen.  - Filter har erfaring frå mange ulike miljø og ekspertise innan alle design- og kommunikasjonstenester. Med ein sterk teknologi- og systemutviklingsavdeling i Omega vil me saman kunna byggja eit solid kompetansemiljø av internasjonal standard både for eigne selskap og for det øvrige næringslivet i regionen, seier Simonsen.  

  

  

FOR MEIR INFORMASJON TA KONTAKT MED: 

Astrid Eidhammer Hjelmeland  astrid@filterdk.no | Tlf.: 971 94 788  

Lauren McPherson Simonsen lauren@omega.no | Tlf.: 982 86 852

|
29
.
5
.
2015

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Follow us on social media

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN