Tradisjonsrik marknad

Marknadsstemning i Røldal.

Til helga brakar det laus med ei ny utgåve av Røldalsmarknaden. Omlag 100 utstillarar er klare til å skape marknadsstemning i Røldal, der det også blir folkeliv med flotte konsertar, talkshow, aktiviteter for barn og humorinnslag. Noko for ein kvar smak med andre ord.

Me har også i år produsert Røldalsmagasinet der ein preseterer reportasjar, både om det som hender på marknaden, men og om folk og liv elles i Røldal. Magasinet har eit opplag på 15.500 og blir distribuert i ein stor region i Ryfylke og Hordaland. Me har bidrege frå redaksjonelle skisser, til tekst, foto og design av magasinet. Sjå magasinet med marknadsprogrammet her!

Me har også jobba med mediekontakt og sosiale medium for marknaden, ikkje minst med å halde pulsen oppe på Facebooksida til marknaden. 

No er det berre innspurten igjen - lukke til med marknad!

Judith Sørhus Litlehamar
|
21
.
6
.
2018
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Følg oss på sosiale medium

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN