Trygg peiskos

Fyringsmeister Lillemo tilbyr privatpersonar og bedrifter fyringskurs for å betre peiskosen.

Fyringsmeister Knut Sigve Lillemo brenn for faget sitt. Han har mange års erfaring med både montering av peis og ovn, piperestaurasjon og ikkje minst korleis ein trygt skal kunne fyre opp i ovn og peis i heim og på hytta. Det har vore ein kjekk prosess for oss å bli med på ei reis der Lillemo har fått utvikla profil, heimeside og side på facebook.

Lillemo tilbyr privatpersonar og bedrifter fyringskurs. Dette kan vera ei grei investering for tips og triks til å få ei betre oppleving med opptenning av eldstaden. Mange av oss har nok erfart både sota vindu, «dårleg ovn» og røykos i stova og lite fyr i peisen. Målet for Lillemo er å gje kundane sine ei god oppleving med opptenning av elstaden.

Astrid Eidhammer Hjelmeland
|
8
.
9
.
2017
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Følg oss på sosiale medium

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN