Visit Suldal med digital reiselivssatsing

Styrkar posisjonen som attraktivt og berekraftig reisemål.

- Suldal og gjestene våre fortener ein god presentasjon av kva ein kan oppleve av natur og aktivitetar, kultur og historie og ikkje minst folk, seier Laila Steine i Suldal Vekst i ei pressemelding om den digitale satsinga på reiseliv. 

Skattkammeret Suldal og reiselivet lanserer no plattforma Visit Suldal – målet er at Suldal skal styrke sin posisjon som eit attraktivt og berekraftig reisemål.

I tillegg til den nye reiselivsplattforma Visit Suldal har også kommunen lansert profilen Skattkammeret Suldal i ny og meir moderne drakt.

‍Den nye, oppgraderte logoen til Skattkammeret Suldal.

Me fekk utvikle nettsidene til Visit Suldal, i tillegg til at me har vore med på produksjon av innhald - både til nettside, sosiale medium og i PR-arbeidet. Me har også modernisert Skattkammerprofilen, og gjort profilmanualen enklare og meir oversiktleg.

‍ ‍Utdrag frå profilhandboka til Skattkammeret i Suldal.

 - Reiselivet er ei moderne næring som skaper arbeidsplassar. Gjestene er digitale i det meste dei gjer, og kommunikasjonen må målrettast meir mot rette og viktige gjestegrupper. For Suldal sin del var det på tide å styrke fokus på digitale kanalar og gjere eit løft både på nett, sosiale medier og i kommunikasjonen med gjestene våre, seier Steine om den digitale satsinga.

Me ynskjer Suldal lukke til med styrkinga av reiselivet!

Judith Sørhus Litlehamar
|
25
.
4
.
2018
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Følg oss på sosiale medium

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN