Suldal Elverk i 100 år

Suldal Elverk feirer i år hundre år med krafthistorie. Gleda var stor i 1916, då ein kunne koble straumen til på Sand og det lyste i den første lyspæra.

Dette ynskte elverket å markere ved å skape ein eigen grafisk profil rundt jubileet, og ikkje minst eit eige jubileumsmagasin.

Filter var så heldige at me fekk jobbe med å profilere hundreåringen i lokalsamfunnet. Me har utarbeida eit grafisk element som skal fylgje alt materiell frå elverket gjennom jubileumsåret. I tillegg har me hatt ansvar for redaksjonelt arbeid og utforming av jubileumsmagasinet.

Magasinet me har laga tar høgde for både den kraftfulle historia, den enorme utviklinga gjennom hundre år og ikkje minst den spanande nåtida - der elverket ikkje berre er ein stor straumleverandør, men også sentral i utbygging av fiber i kommunen. I år fekk dei og fiberkunde nummer 1000 - noko som passa godt i jubileumsåret.

Me møter dei som var med på å byggje opp elverket - og dei som jobbar der i dag - les magasinet her.

Elverket er ein vital og høgst oppegåande hundreåring - me gratulerer med jubileet og takkar for jobben!

Sjå også

Følg oss på sosiale medier

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form
NOEN