Webflow Editor brukarmanual

Her finn du tips til korleis du sjølv kan redigere tekst og foto i nettsida di som er levert av Omega 365 Design med Webflow CMS.

Her finn du tips til korleis du sjølv kan redigere tekst og foto i nettsida di som er levert av Omega 365 Design i Webflow.

Innlogging i redigeringsverktøyet

Logg deg inn på PC/Mac ved å legge til ?edit bak url-adressa i adressefeltet til nettlesaren. Du er innlogga til du aktivt loggar deg ut, eller slettar cache på nettlesaren din. Når du er logga ut kan du logge deg inn igjen ved å klikke på ikonet som dukkar opp nede til høgre når du opnar nettsida.

Redigeringsmeny

I botn av nettsida finn du meny for å redigere tekst og bilete når du er logga inn. Du vil og kunne navigere til undersider (Pages) og databasar (Collections) via denne menyen.

Sideoversikt - Pages

Pages er oversikt over alle sidene i nettsida. Klikk på ei side for å gå til sida og redigere innhaldet.Du kan lukke menyen ved å klikke på "View site". (Nokre undersider kan ha eit undernivå i strukturen, og nokre kan vere usynlege på den publiserte sida.)

Redigera innhald

Redigering av tekst og foto i nettsida kan gjerast direkte på sida når du er pålogga. Med peikaren over eit redigerbart element kjem det opp eit ikon oppe i høgre hjørne som ein kan klikke på for å redigere. Etter at innhaldet er endra må du klikke på Publish nede i høgre hjørne for å publisere endringane. Ønskjer du at endringane ikkje skal bli publiserte med ein gong, blir endringane automatisk lagra til dei blir publiserte.

Alle redigerbare element på nettsida har eit ikon oppe i høgre hjørne når du peikar på elementet, anten det er tekst, bilete, eller lenker. Når du klikkar på ikonet vil du kunne redigere rett i teksten, eller du får opp fleire alternativ.

Redigera innhald i Rich text felt

«Rich text» er fleksible innhaldsfelt der ein har moglegheit til å velje ulike stilar på headingar, bold og kursiv tekst, legge inn lenker, bilete, video, mm. Ein kan redigere i Rich text felt i statiske sider eller i databasar der desse er brukt.

Under er oversikt over alle tekst moglegheitene i eit Rich text felt. For å velje stil kan en markere tekst og endre. NB! Bruk av headingar og stilar er spesielt viktig for at svaksynte skal kunne skilje og navigere i innhald på nettsida. H1 headingar blir til dømes ofte brukt i hovud overskrifter på sider og bør ikke bli brukt i Rich text felta. Framheving av brødtekst i bold bør ikkje bli brukt til overskrifter. Bruk av headingar og stilar i Rich text felta bør være konsekvent og mest mogleg lik på alle sider og på innhald i databasar. Dette gjer nettsida meir ryddig og betre for alle brukarar.

Ulike stilar med anbefalt bruk.

Markering og val av heading.

Merkering og val for tekst.

For å lage ei lenke kan ein markere teksten og klikke på lenke (kjetting) ikonet. Deretter limer ein inn url i feltet og huker av for å aktivere lenka. Det er og mogleg å velje at lenka skal åpne ny fane i nettlesar ved å klikke på tannhjulet, eller lenke til vedlegg, andre sider på nettsida, epost eller telefon ved i klikke på lenke ikonet heilt til venstre i dialogboksen.

Markering av tekst ein for å lage lenke.

Felt for å lime inn url.

Ulike typar lenker.

Val for å åpne lenke i ny fane.

Bilete og media i Rich text felt

For å setje inn bilete og media i Rich text felt bruker ein linjeskift (enter) for å få + tegnet. Deretter kan ein velje bilete, video, kode embed, bullet eller nummerert liste. Når ein legg inn eit bilete har ein ulike val for korleis ein vil tilpasse i feltet.

Midtstilt bilete er standard når en setter inn i Rich text felt. Ein kan også velje å tilpasse til full breidde, venstrestille, venstre- eller høgrestille i forhold til tekst.

Tilpass bilete til full breidde gir ofte finast layout i Rich text felt, gitt at biletet er i god nok oppløysing.

Ein kan skrive Alt Text (alternativ bildetekst for svaksynte) for alle bileta i Rich text felt. Ein kan og tilpasse storleik og lenke bilete til andre sider.

Tilpass storleik på bilete ved å velje Custom. Deretter kan en velje prosent eller pixlar breidde.

Når ein ønsker å legge inn video i Rich text feltet limer ein inn url til video. Video blir då lagt inn og kan spillast av direkte på sida.

Databasar - Collections

Collections er oversikta over alle databasane i nettsida. Velg ein database for å sjå og redigere innhaldet.

Redigera og legga til nye artiklar

Alle databasar (Collections) inneheld artiklar som ein kan redigere i. Klikk på ein oppretta artikkel for å redigere, eller lag ein ny ved å klikke på "New..." i menyvala over lista med oppretta artiklar.

Opprette ny artikkel på nettsida

Opprett ein ny artikkel i ein database ved å legga inn informasjon i alle dei obligatoriske felta som er merka med *. Der det er rullegardin-menyar og knappar må ein gjere eit valg. Alle databasar med felt som må fyllast ut er unikt tilpassa etter innhaldet, og vil vere spesifikk for di nettside. Namn på felta, hjelpetekstar og valg i dropdown-menyar og knappar, kan og variere.

Redigera oppretta artiklar på nettsida

Du kan redigere innhaldet i ein oppretta artikkel ved å velge den frå lista i menyen. Når innhaldet i felta er endra må du klikke på "Save" for å lagre endringane og deretter klikke "Publish" om du ønskjer å publisere på nettsida.

Når du har oppretta og publisert ein artikkel som ligg i ein database, kan du redigere direkte i denne etter dei same framgangsmåtane som gjeld for alle redigerbare element på nettsida.

Bilete

Du kan lett erstatte bilete som eksisterer frå før, direkte på sida, eller rett i databasen. Rett bruk av bilete i god kvalitet, og i rett format er vesentleg for at kundane dine skal kome tilbake til sida di.

Byte bilete på sida

Den enklaste måten å erstatte eit bilete i netteditor er direkte på sida. Anbefalt biletstørrelse: ca. 500 kB og bør aldri gå over 1 MB. Editoren støttar biletfiler av følgjande typar: .webp .jpg, .png, .svg, .gif. Me anbefaler webp/jpg for bilete og svg/png for grafikk eller illustrasjonar. (Dess større/tyngre bilete, dess lengre tid og data brukar lesar for å laste opp sida.) compressjpeg.com, compresspng.com

  1. Opne sida di i netteditor
  2. Finn bilete som du vil skifte ut
  3. Ta musepeikaren over biletet
  4. Ein rund knapp vil dukke opp - klikk på den
  5. Last opp eit bilete frå maskina di
  6. Ferdig!

Byte bilete i database

Du kan og endre på bilete som ligg i databasen. Editoren støttar biletfiler av følgjande typar: .webp .jpg, .png, .svg, .gif. Me anbefaler webp/jpg for bilete og svg/png for grafikk eller illustrasjonar.

  1. Opne Collections i netteditor
  2. Velg database (viss tjengeleg)
  3. Velg artikkel
  4. Finn bilete og klikk på knappen replace
  5. Lagre artikkelen

Bilete kan bli erstatta i databasen - Collection - ved å trykke på knappen Replace. Følg anbefalling for biletformat, viss det er tilgjengeleg.

Bruk rett biletformat

Det viktigaste å tenkje på når du vil laste opp foto til nettstaden din er å laste opp bilete i rett proporsjon, til dømes 1:1, 3:2, 4:3, 16:9, osv. Lastar du opp bilete som ikkje passar formatet for biletboksen, kan det påvirke sida med tanke på om ho framstår som ryddig og godt designa.

Bilete som blir lasta opp vil, som regel, bli ned- eller oppskalert til å tilpasse biletboksen på sida.

Det viktigaste å tenkje på når du vil laste opp til nettstaden din er å laste opp bilete i rett proporsjon, til dømes 1:1, 3:2, 4:3, 16:9, osv. Lastar du opp bilete i ulike storleikar, kan det påvirke sida med tanke på om ho framstår som ryddig og godt designa.

Treng du hjelp med å finne storleiken for bileta dine, send oss ein epost.

Denne sida inneheld bilete i 1:1 format (firkanta). Må nokre av desse bli erstatta, må kunden sørge for å laste opp erstatningsbilete som er tilpassa til formatet 1:1.

Tips og råd

I menyen er det eit eige ikon du kan klikke på for å få opp ei liste med svar på ofte stilte spørsmål. Her finn du og generelle tips, råd og rettleiing om bruk av redigeringsverktøyet i Webflow.