Design
Kommunikasjon
innhald
Nettside
Kurs
IT

Design og merkevarebygging

Me utviklar løysingar for å marknadsføre produkt og tenester for store og små bedrifter. Design er eit verktøy for å skapa verdiar.

Grafisk profil

Bygg merkevara di. Merkevara di består av logo, grafiske element, typografi, og fargebruk. Ved konsekvent og rett bruk av logo og grafisk profil, styrkar bedrifter si merkevare.

Me designar og utviklar designløysingar for å styrke merkevara til kundane våre.

Sjå nokre grafiske profilar Filter har laga

Nettside

Ei oppdatert og brukarvennleg nettside gjer det lett for kundane å finne bedrifta di og kjøpe tenestene dine.

Filter utviklar skreddarsydde nettsider som er enkle å redigere for bedrifta. Nettsidene har full integrasjon mot sosiale medium, er utforma i tråd med retningslinjene for universell utforming. Nettsidene er tilpassa bruk på både skjerm, nettbrett og mobil.
Våre nettsider er utstyrt med innebygd SSL-kryptering og er søkeoptimalisert.
Filter tilbyr drift, hosting og support av våre nettsider, og har gunstige pakkeprisar for epost og Office365.

Sjå nettsider Filter har levert

Reklame

Filter produserer reklame- og profileringsmateriell til trykk og digital bruk.

Målet er å formidle bodskap og identitet med tanke på rekruttering, omdømmebygging og ikkje minst auka sal. Me lagar annonser til trykte og digitale flater. Me produserer og flyers, brosjyrar, plakatar, strøartiklar, skilt, rollups, folie, m.m. i tråd med bedrifta sin logo og grafiske profil.

Sjå reklameprodukt Filter har laga

Magasin
-produksjon

Filter produserer trykte og digitale magasin for våre kundar. Me tek gjerne heile produksjonsjobben frå tekstproduksjon til ferdig trykt og distribuert magasin.

Eit magasin er eit sterkt medium til å formidle godt innhald. I Filter har me god erfaring med magasin og me kan me hjelpa deg med kvalitetsmagasin som byggjer omdømme, skaper gode leseopplevingar og har innhald med lang levetid.

Sjå magasin Filter har laga

Designjobbar

Kommunikasjonsarbeid

Godt kommunikasjonsarbeid gjer at bedrifter viser igjen
og vil bidra til å auka salg og forteneste.

PR-arbeid

Med gjennomført og godt planlagt pressearbeid tar di bedrift kontroll over informasjonsflyten både internt og eksternt.

Filter har solid erfaring og kompetanse og kan bidra med rådgjeving, utforming av pressemeldingar, og oppfølging både på fleire språk. Me tilbyr og planlegging og gjennomføring av kampanjar tilpassa ulike medium (avis, nett, og sosiale medium).

Sjå pr-arbeid Filter har gjennomført

Strategi

Strategi er bedrifta sine retningslinjer for ein langsiktig plan.

Ta kontroll på planar for kommunikasjon og marknadsføring, både internt og eksternt. Dette effektiviserer arbeidet og hjelper bedrifta å nå sine målgrupper.

Sjå strategiarbeid Filter har gjennomført

Kommunikasjons-
rådgivning

Anten det gjeld pressemeldingar, krisehandtering, mediehandtering, planar og strategi, kan Filter hjelpe med dei ulike kommunikasjonsutfordringane.

Ofte er me inne som faste rådgjevarar over tid for å sjå korleis ein løyser problema, eller me kan ta del
i spesielle utfordringar.

Ta kontakt for meir informasjon

Medie
-handtering

Media kan vere ein god samarbeidspartnar, men òg ein krevjande motpart.

Filter har erfaring med mediehandtering, krisehandtering og pressearbeid, og kan gi gode råd om korleis ein taklar ein hektisk mediekvardag. Me held kurs i mediehandtering der ein får prøvt seg både teoretisk og praktisk i møte med media.

Ta kontakt for meir informasjon

Kommunikasjonsjobbar

Innhaldstenester

Godt innhald er triggar og sørger for tat bodskapen din kjem ut rett.

Redaksjonelt innhald

Filter leverer redaksjonelt innhald til magasin, for bedrifter, marknadar, og organisasjonar.

Redaksjonelt innhald er historier som du vil fortelje.

Sjå redaksjonelt innhald Filter har laga

Innhald
nettsider

Tekst tilpassa nettlesing formidlar treffsikker informasjon om produkt og bedrift til kunden.

Ein solid tekst på nettsidene gir også gode resultat for søkemotoroptimalisering. Filter leverer tekstpakkar til bedrifter etter tett dialog om ønska bodskap, tekstmengde og tema.

Sjå innhald på nettsider Filter har laga

Sosiale medium

Sosiale medium er gode kanalar for marknadsføring og omdømmebygging av bedrifter.

Me kan saman med di bedrift kome fram til kva kanalar og strategiar som gir deg det beste resultatet i sosiale medium. Me kan planlegge, organisere og gjennomføre kampanjar og drift av bedrifter sine kontoar.

Sjå jobbar Filter har gjort på sosiale medium

Tekstpakkar

God aktivitet og informasjonsflyt i alle kanalar er viktig. Bedrifter kan abonnere på teksttenester hjå oss.

For nokre få timar i månaden kan våre kundar få tekstproduksjon til nett, sosiale medium eller nyhendebrev.

Sjå tekstpakke-jobbar Filter har gjort

Innhaldsjobbar

Webutvikling

Me utviklar nettsider og
finn dei beste løysingane tilpassa di bedrift sine behov og strategi.

Nettside-
design

Design tilpassa kundens behov.

Me designar nettsider som speglar bedrifta både via profil og logo, men også sjølve visjonen og målet dei har med å kome seg på nett eller oppgradere sida dei allereie har. Godt design er avgjerande for brukarvenleg presentasjon av informasjon på nett og for å nå ut til kundane sine.

Sjå nokre nettsider Filter har laga

Nettside
-utvikling

I Filter har me som mål å byggje nettsider tilpassa kunden sine behov og mål.

Med vår kompetanse innan design og programmering får kunden ei søkemotoroptimalisert nettløysing utvikla spesielt for dei.

Sjå nokre nettsider Filter har laga

Nettbutikk

Netthandel aukar år for år. For mange butikkar er netthandelen det som avgjer om ein får bedrifta til å gå rundt.

Om du treng ein full nettbutikk eller bare treng å selga produktene dine på nettsida di så har me løysingar som dekkar det meste.

Ta kontakt for å vite meir om kva me leverer

Interaktive tenester

Nettsida er staden ein får presentert seg og produkta sine for kunden. Godt innhald er ei føresetnad for ei solid nettside.

For å gjera nettsida di tilgjengeleg via søkemotorar, er det lurt å jobba for å få ein god og søkeoptimalisert tekst. Filter kan hjelpa med løysingar som gir gode kontaktpunkt med kundar og publikum, og som er tilpassa bruk på både skjerm, nettbrett og mobil. Me designar nettsider i tråd med reglane om universell utforming, slik at alle har tilgang og høve til å få med seg informasjonen.

Sjå nokre nettsider Filter har laga

Webdesignjobbar

Treff du ballen?

Er di bedrift lett å finne på nett, oppdatert i sosiale medium og klarar bedrifta di å syne att i mengden?

Strategisk kommunikasjon

Ta dei rette vala.

Ha ein god kommunikasjonsplan som definerer kva kanalar ein skal bruke for ulik bodskap og målgrupper. Korleis vil du framstå og kva vil du formidla? 

Ta kontakt for meir informasjon

Design og merkevare-bygging

Styrking av omdømme og merkevare

Konsekvent og bevisst profilering i alle kanalar styrkar di merkevare. Kvalitetsdesign og gjennomtenkt marknadsføring viser betre igjen over tid enn kjappe løysingar.

Ta kontakt for meir informasjon

Innhald i eigne kanalar

Innhaldsmarknadsføring

Kva kanalar bør ein vera synleg i og korleis nyttar ein best potensialet for bedrifta i dei ulike kanalane?

Ta kontakt for meir informasjon

PR og språk

Målretta kommunikasjon og effektivt språk.

Korleis bruke media på ein god og aktiv måte, og korleis kan ein vera i forkant og setja dagsorden? På kva måte snakkar bedrifta ut til publikum?

Ta kontakt for meir informasjon

Webdesignjobbar

Driftsteneste

Filter kan bli din totalleverandør for nett og it-løysingar.
I samarbeid med Omega tilbyr me gunstige pakkar for drift, support, epost og Office365.

Store epostkontoar

50 GB lagring per brukar

Inkludert innboks-administrering, høg beskyttelse mot skadeleg programvare og søppelpost, samt smart rotsortering, og arkivering.

Ta kontakt for meir informasjon

Full
mobilitet

Rediger, send og motta epost via nettlesaren på både PC, nettbrett og mobil.

Bruk alle Office-applikasjonar
på telefon, nettbrett, berbar eller stasjonær maskin.

Ta kontakt for meir informasjon

Office
i skya

Word, Excel, Powerpoint?

Du får tilgong til den velkjende samlinga med produktivitetsverktøy uavhengig av om du arbeider på kontoret eller er på farten.

Ta kontakt for meir informasjon

Samarbeid
og deling

Enklare og meir effektivt samarbeid.

Gjer det mogleg for bedrifta di å organisere seg sjølv på tvers av verktøy og einingar, og bygge på andre sin
ekspertise. Del dokumenter, kalenderar og kontaktar, m.m.

Ta kontakt for meir informasjon

Webdesignjobbar

Følg oss på sosiale medier

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form